LEDIGE STILLINGAR

PÅ ELVA

For tida har me ingen ledige stillingar.

KJØKKENSJEF

Søknadsfrist: snarast
Tilsetjingsform: Fast frå 1. oktober 2024
Me treng ein dyktig, kreativ, leiken og ambisiøs kjøkkensjef som saman med leiarteamet skal være med å vidareutvikle ELVA til ei matoppleving utanom det vanlege. Du vil få mykje friheit til å utvikle konsept og meny. Du er lidenskapeleg oppteken av lokale råvarer, og har eit genuint ynskje om å utvikle gode, nye smakar. Du likar å by på deg sjølv og er ikkje framand for å presentere og servera dine eigne rettar til gjestane i restauranten.
Dine arbeidsoppgåver:
  • Kreativ meny- og konseptutvikling med fokus på lokale råvarer og sesongvariasjon
  • Ansvar for dagleg drift og strategisk utvikling av kjøkkenet
  • Bemanning og planlegging av vaktlister
  • Ansvar for lagerkontroll, budsjett, innkjøp, og vareteljing
  • Planlegging av mat knytt til arrangement og aktivitetar
  • IK mat/internkontroll
  • Kvalitetssikring av produksjon og service
  • Fokus på berekraft i alle led
Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar:
  • Fagbrev som kokk
  • Erfaring med nordisk/skandinavisk kjøkken
  • Resultat frå tidlegare stillingar
  • Du snakkar helst eit skandinavisk språk og har gode engelskkunnskapar
  • Du er positiv og sjølvgåande
  • Du motiverer og inspirerer dine medarbeidarar
  • At du er ein framifrå kokk er det aller viktigaste for oss
Me tilbyr:
  • Kreativt og nyskapande arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å sette sitt namn og ELVA på kartet
  • Sentral rolle i utviklinga av hotell- og restaurant konsept
  • Fagleg utvikling
  • Spanande samarbeid med lokale produsentar
  • Løn etter avtale

SERVITØR OG BARKEEPER

Søknadsfrist: Snarest

Tilsetjingsform: Sesong

Heilårsstilling er mogleg.

Me treng ein dyktig og ambisiøs servitør for den etablerte kafeen vår og i den heilt nye restauranten.
Dine arbeidsoppgåver:
  • Servere lunsj og drikke i kafeen og middag i Elva Restaurant, noko som også inneber 7-rettars «Fine Dining».
  • Bartender.
  • Dagleg drift og strategisk utvikling av Elva Hotell & Restaurant.
Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar:
  • Fagbrev som servitør er ein stor fordel.
  • Erfaring med restaurant- og bardrift.
  • God kunnskap om vin, øl, cider og gjerne coctails.
  • Resultat frå tidlegare stillingar.
  • Du har gode engelskkunnskapar.
  • Du er positiv og sjølvgåande.
  • Du motiverer og inspirerer dine medarbeidarar.
Me tilbyr:
  • Kreativt og nyskapande arbeidsmiljø.
  • Moglegheit til å sette sitt namn og ELVA på kartet.
  • Fagleg utvikling.
  • Spanande samarbeid med lokale produsentar.
  • Konkurransedyktig løn.

HOVMESTER - HEAD WAITER

Søknadsfrist: Snarest

Tilsetjingsform: Fast

Me treng ein dyktig, kreativ og ambisiøs servitør som saman med kjøkkensjefen skal være med å utvikle ELVA til ei matoppleving utanom det vanlege. Du er lidenskapeleg oppteken av god service, mat og drikke og å skape god stemning. Du likar å by på deg sjølv og er ikkje framand for å presentere gode historier om maten og drikka som blir servert dine gjestar i restauranten.
Dine arbeidsoppgåver:
  • Ansvar for opplæring og leiing av servitørar og bartenderar. Om vinteren er det 3-4 servitørar, om sommaren det doble
  • Ansvar for rutinar for presentasjon og servering i restaurant og konferanserom
  • Planlegging av vaktlister
  • Bidra med lagerkontroll, innkjøp og varetelling for drikkevarer
  • IK mat/internkontroll
  • Fokus på berekraft i alle ledd
Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar:
  • Vi stiller som krav at du har arbeida som servitør i Noreg tidlegare, og har arbeidstillatelse i orden
  • Fagbrev som servitør er ynskjeleg
  • Erfaring med Nordisk/Skandinavisk kjøkken
  • Resultat frå tidlegare stillingar i Noreg
  • Du snakkar helst eit skandinavisk språk og har gode engelskkunnskapar
  • Du er positiv og sjølvgåande med stor arbeidskapasitet
  • Du motiverer og inspirerer dine medarbeidarar
Me tilbyr:
  • Kreativt og nyskapande arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å sette sitt namn og ELVA på kartet
  • Sentral rolle i utviklinga av hotell- og restaurant konsept
  • Fagleg utvikling innanfor Fine Dining
  • Løn etter avtale
  • Fast stilling
  • Rimeleg bopel i personalbolig rett ved Elva Hotell, om ynskjeleg

HOUSEKEEPING

Application deadline: As soon as possible

Position: Full-time

Me treng ein dyktig, kreativ og ambisiøs servitør som saman med kjøkkensjefen skal være med å utvikle ELVA til ei matoppleving utanom det vanlege. Du er lidenskapeleg oppteken av god service, mat og drikke og å skape god stemning. Du likar å by på deg sjølv og er ikkje framand for å presentere gode historier om maten og drikka som blir servert dine gjestar i restauranten.
Duties include:
  • Daily cleaning of our 14 hotel rooms and common areas
  • Follow up inventory and other details in the rooms
  • Report deviations
Required Qualifications & Personal characteristics:
  • Working experience as a housekeeper/cleaning
  • Working fast and precisely
  • Professional pride
  • An eye for details
  • Tidy and structured
  • Team player
We offer:
  • Creative and innovative work environment at a brand new design hotel
  • Option for cheap accommodation near the hotel
  • Opportunity to put your name and ELVA on the map
  • Professional development
  • A great opportunity to explore the amazing area of Voss
  • Staff can try all Voss Actives activities during the season
  • Competitive salary.

KOKK OG SERVITØR

Søknadsfrist: 11.04.2023

Tilsetjingsform: Sesong frå 1. juni 2023

Me treng ein kokk som saman med dei andre kokkane kan vere med å lage god mat til våre gjestar.
Dine arbeidsoppgåver:
  • Lage og servere lunsj i kafeen med søkelys på lokale råvarer og sesongvariasjon.
  • Periodevis vere med teamet til Elva Restaurant.
  • Dagleg drift og strategisk utvikling av kjøkkenet.
    Lagerkontroll, innkjøp, og vareteljing.
  • Planlegging av mat knytt til arrangement og aktivitetar.
  • IK mat/internkontroll.
  • Søkelys på berekraft i alle ledd.
Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar:
  • Fagbrev som kokk er ynskjeleg, men det viktigaste er at du er glad i å lage mat og liker å gje god service.
  • Erfaring med nordisk/skandinavisk kjøkken.
  • Resultat frå tidlegare stillingar.
  • Du har gode engelskkunnskapar.
  • Du er positiv og sjølvgåande.
  • Du motiverer og inspirerer dine medarbeidarar.
Me tilbyr:
  • Kreativt og nyskapande arbeidsmiljø.
  • Moglegheit til å sette sitt namn og ELVA på kartet.
  • Sentral rolle i utviklinga av hotell- og restaurant konsept.
  • Fagleg utvikling.
  • Spanande samarbeid med lokale produsentar.
  • Konkurransedyktig løn.

FRUKOST OG REINHALD

Søknadsfrist: 11.04.2023

Tilsetjingsform: Fast frå 5. juni 2023

Antal stillingar: 2

Me treng hyggjelege tilsette for å servere frukost til våre gjestar i Elva Hotel i kombinasjon med vask av hotellrom og fellesareal.

Arbeidstid: Førebuing og servering av frukost frå ca kl 07.30 til 10.00. Rydding av kjøkken, reinhald av rom og fellesareal fram til kl 16.00.

Dine arbeidsoppgåver:
  • Lage og servere knallgod frukost etter opplæring av vår kjøkkensjef.
  • Rydding og reinhald av kjøkken etter frukost, husøkonom for hotellet.
  • Vere med å utvikle rutinar for reinhald saman med vår hotellsjef.
Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar:
  • Nøyaktig og pliktoppfyllande.
  • Erfaring og resultat frå tilsvarande stillingar.
  • Du har gode engelskkunnskapar.
  • Du er positiv og sjølvgåande.
  • Du motiverer og inspirerer dine medarbeidarar.
Me tilbyr:
  • Kreativt og nyskapande arbeidsmiljø.
  • Moglegheit til å sette sitt namn og ELVA på kartet.
  • Fagleg utvikling.
  • Konkurransedyktig løn.

Stilling: kokk

Søknadsfrist: 16.01.2023
Tilsetjingsform: Fast frå 2. mai 2023
Me treng ein dyktig, kreativ og ambisiøs kokk som saman med kjøkkensjefen skal være med å utvikle ELVA til ei matoppleving utanom det vanlege. Du er lidenskapeleg oppteken av lokale råvarer, og har eit genuint ynskje om å utvikle gode, nye smakar. Du likar å by på deg sjølv og er ikkje framand for å presentere og servera dine eigne rettar til gjestane i restauranten.
Dine arbeidsoppgåver:
  • Kreativ meny- og konseptutvikling med fokus på lokale råvarer og sesongvariasjon
  • Dagleg drift og strategisk utvikling av kjøkkenet
  • Lagerkontroll, innkjøp, og vareteljing
  • Planlegging av mat knytt til arrangement og aktivitetar
  • IK mat/internkontroll
  • Fokus på berekraft i alle ledd
Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar:
  • Fagbrev som kokk
  • Erfaring med nordisk/skandinavisk kjøkken
  • Resultat frå tidlegare stillingar
  • Du har gode engelskkunnskapar
  • Du er positiv og sjølvgåande
  • Du motiverer og inspirerer dine medarbeidarar
  • At du er ein framifrå kokk er det aller viktigaste for oss
Me tilbyr:
  • Kreativt og nyskapande arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å sette sitt namn og ELVA på kartet
  • Sentral rolle i utviklinga av hotell- og restaurant konsept
  • Fagleg utvikling
  • Spanande samarbeid med lokale produsentar
  • Løn etter avtale

Om arbeidsgivaren

Eit nytt designhotell er etablert på Voss. Voss Active kan no tilby ein komplett pakke som bind saman ekstremsport og naturopplevingar med spektakulær overnatting og matkultur. Eit berekraftig designhotell basert på solenergi, grunnvarme og miljøvenleg materiale står klart til å ta i mot gjester frå både inn- og utland – gjester med ynskje om å oppleva noko heilt spesielt.

Voss er plassert midt i matfatet! Me kan sanke frå naturen omkring oss og er omslutta av gode produsentar som me vil ha eit tett og nært samarbeid med. Dette vil vi dele med gjestane våre.

Voss Active er ei av dei største aktivitetsbedriftene i Noreg og har i 25 år arrangert opplevingar for turistar, lag og firma. Me er omlag 60 tilsette som til saman utgjer 20 årsverk. Firmaet er veldrive og ekspanderande.

Send søknad med:

  • CV, komplett.
  • Søknadsbrev der du fortel om deg sjølv og skildrar kvifor du er den rette for denne jobben.
  • Referansar og anna info du meiner er interessant for oss.
  • Oppseiingstida i noverande stilling.

Send komplett søknad på epost til Frode Solbakk

 Ufullstendige søknadar blir ikkje vurdert.
Hugs at vi får særs mange søknadar, og du må difor forklare kva som gjer at du vil til Voss og ta akkurat denne utfordringa med å utvikle ELVA til ein fantastisk restaurant.