KONFERANSE

PÅ ELVA

Konferanse og event - arrangement basert på det Voss er best på.

Voss Active set saman aktivitetspakker for bedrifter som planlegg ei samling på Voss, slik vi har gjort det for Telenor, ExxonMobil, Byggmesterforbundet, Statens Vegvesen m.fl.

Konferanserommet

I etasjen over restauranten har me plassert konferanserommet overhengande mot vassdraget. Dei store panoramavindauga slepp inn rikeleg med lys, og me tilbyr moderne fasilitetar for ei vellukka samling, anten det er til styremøte, leiarsamlingar, festlege lag – eller til og med yoga.

Her er plass til 32 i klasseromsoppsett eller 60 i teateroppsett.

Ynskjer de full dagspakke, lunsj til lunsj møte med overnatting eller berre leige lokale 2 timar ein kveld?

Hjå Elva kan ein slå saman fagleg innhald med gode matopplevingar i fantastiske omgjevnadar.

Bord Oppsett

60
32
20+
32
26

Overnatting

For grupper under 40 personar kan det høve å nytte vårt eige designhotell – Elva Hotell. Her er det flottaste konferanserommet på Voss, bar, restaurant, vedfyrt badstove og fleire boblebad. For større arrangement ordnar vi overnatting hjå dei fem andre hotella på Voss. Dei største arrangementa våre har talt over 800 personar.

Aktivitetar

Voss Active har sidan 1992 ordna aktivitetsprogram for bedrifter og organisasjonar med særs gode tilbakemeldingar. Vi har våre eigne aktivitetar som rafting, klatrepark, fosserappellering og teambuilding, men vi samarbeider med alle aktivitetsleverandørane på Voss og kan tilby vindtunnel, fallskjermhopping, paragliding, sykkel-, fjell- og skiturar. Vi kan også ordne matlagingskurs, yoga og kulturvandring.

Korleis:

Saman med dykk set vi opp ein aktivitetsmeny ut frå ynskje, antal og budsjett. Vi lagar eit komplett program med logistikk og tidsplan som høver saman med overnatting, servering og anna program. Vi er gode på å lage eit program som flyt godt.

Gjennomføring:

Vi ordnar all kommunikasjon og fakturering med underleverandørar. Vi har transportløyve med fleire bussar og har fullt fokus på tryggleik og naudsynte løyver.

Profesjonelt, erfaring, trygt.

Voss Active er eit stort aktivitetsfirma med eigen administrativ stab og dyktige instruktørar. Selskapet er miljøsertifisert og medlem av Reisegarantifondet.

SEND FØRESPURNAD