Med tre store utandørs boblebad, vedfyrt badstove og trapp rett ned til elva, er dette plassen for å kvile og lade batteria etter ein raftingtur, ein dag på ski, eller berre gje kroppen litt kjærleik!
Her kan du bestille privat jacuzzi og badstove
*obs Me har tre boblebad, så det kan vere andre grupper i området sjølv om du bestiller ditt eige boblebad
Kvar laurdag gjennom haust, vinter og vår har me «Drop-In laurdag» der du er velkomen til å stikka innom for ein time i jacuzzien og bruka badstova utan å tinga på førehand!
*med omsyn til hygiene, ver snill å bruka jacuzziane før badstova