Me søkjer dyktige kokkar og servitørar som sesongarbeidarar hjå Elva Hotell mai-oktober.
Elva Restaurant ligg rett ved vasskanten, med fantastisk utsikt og unikt design. Me vil være eksklusive og «rocka»! Me vil overraska og levera matopplevingar av høg kvalitet. Vårt mattilbud dreier seg om god frokost til våre hotellgjester, lunsj i kafeen for våre raftinggjestar og enten 3-rettars eller 7-rettars middag i restauranten om kvelden.
Me treng både ein frokostkokk og fagleg dyktige restaurantkokkar.
Me treng servitørar som kan gjere ulike oppgåver på hotellet, men også servitørar som har spesielt fokus på fine-dining og drikke.
Send komplett søknad med CV, søknadsbrev der du skildrar kvifor du er den rette for denne jobben på Voss, referansar og anna info du meiner er interessant for oss.
Send komplett søknad på epost til Frode Solbakk
Ufullstendige søknadar blir ikkje vurdert.
Hugs at vi får særs mange søknadar, og du må difor forklare kva som gjer at du vil til Voss og ta akkurat denne utfordringa med å utvikle ELVA til ein fantastisk restaurant.
Elva Hotell er ein del av selskapet Voss Active. Dette selskapet tilbyr komplette reiselivsprodukt som bind saman ekstremsport og naturopplevingar med spektakulær overnatting og matkultur.
Elva Hotell er eit berekraftig designhotell som tek imot gjester frå både inn- og utland, gjestar med ynskje om å oppleva noko heilt spesielt. Voss er plassert midt i matfatet! Me kan sanke frå naturen omkring oss og er omslutta av gode produsentar som me vil ha eit tett og nært samarbeid med. Dette vil vi dele med gjestane våre.
Voss Active er ei av dei største aktivitetsbedriftene i Noreg og har i 30 år arrangert opplevingar for turistar, lag og firma. Me er omlag 50 tilsette som til saman utgjer 22 årsverk. Dei fleste tilsette er ganske unge og kjem frå heile verda. Her er raftinginstruktørar, klatreinstruktørar, kokkar, servitørar, reinhaldarar og kontorfolk. På fritida padlar dei, klatrar, fiskar, går fjellturar og alle er glad i naturen. Dei er flinke med gjestar og likar folk.
Me treng hyggjelege tilsette for å servere frukost til våre gjestar i Elva Hotel i kombinasjon med vask av hotellrom og fellesareal.
Arbeidstid: Førebuing og servering av frukost frå ca kl 07.30 til 10.00. Rydding av kjøkken, reinhald av rom og fellesareal fram til kl 16.00.
Eit nytt designhotell er etablert på Voss. Voss Active kan no tilby ein komplett pakke som bind saman ekstremsport og naturopplevingar med spektakulær overnatting og matkultur. Eit berekraftig designhotell basert på solenergi, grunnvarme og miljøvenleg materiale står klart til å ta i mot gjester frå både inn- og utland – gjester med ynskje om å oppleva noko heilt spesielt.
Voss er plassert midt i matfatet! Me kan sanke frå naturen omkring oss og er omslutta av gode produsentar som me vil ha eit tett og nært samarbeid med. Dette vil vi dele med gjestane våre.
Voss Active er ei av dei største aktivitetsbedriftene i Noreg og har i 25 år arrangert opplevingar for turistar, lag og firma. Me er omlag 60 tilsette som til saman utgjer 20 årsverk. Firmaet er veldrive og ekspanderande.